Om Draumefangst

Andrea - Eigar av Draumefangst

Draumefangst er eit lite føretak med fysisk butikk og base på Nesodden, 40 km sør for Oslo sentrum. Eg starta føretaket i 2012, med ein litt ustø kurs mot noko som kanskje kunne bli noko ein gong...

Det som er Draumefangst i dag starta i 2016, etter at eg hadde fått eit barn og gjekk gravid med nummer to. Med lang reisevei til jobb for begge i husstanden, leita eg etter utvegar og mulighetar for å få eit mindre stressfult liv, utan å gje avkall på draumen. Ettersom eg er lidenskapeleg opptatt av interiør og det å skape god atmosfære, visste eg heile tida kva veg eg ville gå. Eg tok med meg mange års erfaring frå bransjen, eit solid knippe leverandørar i lomma og hoppa ut i det.

Med eit lite hus på ei 3,2 mål tomt, og ein dobbel garasje full av skrot, såg eg mogelegheita til å skape noko akkurat her, i mitt eige tun. Men kva må til for å trekke folk ut av sentrum, til ein butikk utanfor alfarveg?

Visjonen har heile vegen vore å skape noko unikt, med masse personleghet, god atmosfære, god service, fin musikk, tente lys og sirlig innpakking. 
No skal eg gjera mitt beste for å spre den gode stemningen utover landet med min nettbutikk. Handlar du hos meg, held du liv i ein draum.

Mange takk frå meg,

Andrea